Ved at forfattaren fortel om kva for betydning håret har hatt i ulike kulturar og til ulike tider blir dette også ei bok som gjev glimt frå verdshistoria og i såmåte ei historiebok. Utgangspunktet for forfattaren har vore å finne fram til korleis menneska gjennom tidene har vist seg fram gjennom håret og korleis ein har kunne lese av status og posisjon i samfunnet gjennom frisyren. Kvifor brukte dei frie egyptarane parykk? Korleis kunne ein i tidlegare tider sjå forskjell på ei gift og ei ugift kvinne? Kvifor skulle ikkje dei fromme kristne stelle håret sitt? Desse spørsmåla og mange fleire får lesaren svar på. Stoffet er ordna tematisk, men følgjer også ein slags kronologi ved å starte med dei eldste tider. Det blir presentert på ein levande og engasjert måte i ei blanding av fakta og fiksjon. Små novellelignande historier innleiar eit tema, før faktaopplysningane, knytte til tema, vert presenterte. Layouten er roleg og oversiktleg. Dei små novellene er sette med raud skrift, mens fak