Roman  •  9 – 12 år

Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill. Den nihala katten

Atle Hansen
Illustratør:
Elisabeth Moseng

Lån boka

Tilgjengelig på nynorsk:

Om boka

Sjørøvar-Jenny og Einauge-Bill er attende, og kjærleiken blomstrar mellom dei to. Jenny vil heim til sonen Garm, men Bill er på sporet av ein ny skatt. Raskt blir dei dregne inn i mystiske og skumleaffærar, kor det meste går føre seg på landjorda i den vesle byen Fjellstad.Atle Hansen held fram med å leike seg med sjangeren. Her er klare helte- og skurkeroller, og det er få personar å halde styr på. Forteljinga har eit enkelt handlingsmønster der humor er eit viktig virkemiddel. Også i denne boka har forfattaren valt ein overraskande og fin vri på kva som er sjølve skatten. Boka har store og gode bokstavtyper som er lette å lese, og historia er illustrert med nokre få teikningar i svart/kvitt. Cappelen, 1998.

Utgaver